(ditta skulla vore posta før i dag)No har eg akkurat fått fyr i peisen, ikkje verst! Før det gjorde eg ein veldig dum ting, eg lasta opp 60bilder til blogspot før eg valde ut kva for nokre eg ville bruke, det tok laaang tid. Tør ikkje tenke på kor lang tid det hadde tatt med vestborgnettet. Men uansett, superdigg med juleferie. Og no skal eg skrive litt om julefesten vi hadde på Vestborg siste dagen før vi reiste.
Det byrja med at vi hadde vaskedag på tysdag og fekk fri når vi var ferdige(eg var ferdig 10.15, som er då eg vanlegvis byrjar på skulen). Då alle (nesten) hadde fått på seg finstasen kl 16 venta vi i gymgarderomene (jentene her og gutane der), før vi blei "kallt inn" til å få bordplassen vår. så var det pinnekjøt, prat, dessert, taler og slikt før frogrammet byrja i gymsalen. Og det må eg sei det var så masse flinke folk! Ichtys (jentekoret, der eg er med) sang, mannskoret Bjørg sang, Elise sang, alle sang og mykje alla kjekt og fint. Også hadde vi andakt med Ole Os som også var kjekt og fint. Etter og ha hatt juletregong og kaffimat og fotoshoot med klassa var det duka for etterfest. Og det tok faktisk av, iallefall meir av enn det har gjort dei to andre åra. Knallkjekk fest, og superbra innsats til VG2 som laga festen så bra.
Her er nokre av dei 60 bileta:
 |
| Hilde og Lisa ventar spennt. |
 |
| Venting i garderoba |
 |
| Mange situasjonsbilete her ja.. |
 |
| Simon og Solveig |
 |
| Maria og Sara |
 |
| Ole Johan og Andreas |
 |
| Damenes tale |
 |
| Mannskoret |
 |
| Dei fleste av gutane i klassa:) |
 |
| Bileta som vart tatt av jentene har eg ikkje.. |
 |
| "Nach" hos Sunniva, også kjempekos. |
Kjem til å sakne dokke alle vestborgfolk veldig masse i jula!!!
_linda.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar