lørdag 21. april 2012

Russebilder

På tirdag tok klassa russebider!
Det seriøse bildet av meg

Det überseriøse bildet av meg

Heile gjengen samla! Både klassa mi og påbygg. Knallbra folk alle i hop :)
Jenetene i klassa mi, åh eg er så glad i dykk!. Grua meg til den dagen vi ikkje går i klasse lengre...

Der fram til ei knallbra russetid som startar med roadtripp til Kragerø for Krusseterff (kristenrussen) neste helg!
I dag er det rollebrylløp og på mandag er det fraføring av skådespelet vi setter opp som særemne. Slitsomt, men kjekt! :)

_linda.


onsdag 18. april 2012

My room!

I fare for å verke som ein altfor amatør interiør blogger legger eg no ut bilete frå korleis mitt nye rom ser ut. Sjølv er eg veldig fornøgd, sjølvom det ikkje akkurat er lett å halde det like strøkent støtt. Men sånn er det vel alltid! :)
Skrivepult avdelinga og russebuksa mi. Når eg ikkje øver skodespel (som er ganske mykje!) går all tid til å fikse på buksa. Kjempekoselig!

Senga og hylla mi. 

Sofaen og tidenes koseligaste vindaugskarm. Love it!

Skapet og vasken. ROT.

_linda.

søndag 15. april 2012

SOL BARE SOL

I dag har vore ein fin dag med frokost, gudsteneste på radio, søking på studie(ikkje at eg skal studere altså), jogging, veistikkekasting-sport (skummelt!!!), middag, slåball, kaffi og møte på betel.

Sol ute, sol inne, sol i hjertet sol i sinnet.

Her er litt bilete frå torsdag når vi feira med sjokolade og brus at det endeliiig var helg! (etter heile TO dagar på skulen!)

(WALIKE-TALKIE ER FORRESTEN DEN NYE MOBILEN)
(ja vi var på tur til moa på onsdag for å kjøpe)

_linda. 

onsdag 4. april 2012

Linda gjer random ting #3

Her er stuntet eg snakka om i går. Eg har mykje å gjere på ja. 
Måtte gjere eit vanskelig val om kva for ein av dei tre eksempel-låtane eg skulle ha som filmmusikk!

Om de vil sjå at eg gjer andre random ting kan de jo trykke der: #1  #2

_linda.

tirsdag 3. april 2012

Vinter vs Vår

Når snøen forsvann for nokre veker sidan sa eg: - Eg heiar på vinteren! Eg ville ikkje ha vår heilt endå. Men Eg vart glad i våren, og når snøen kom tilbake i helga sa eg trist: -Men eg trudde det var vår! Men no har eg igjen blitt glad i snøen, så lenge sola skin i tilegg i alle fall:) Vintereventyrland er nemlig heime hjå meg!
Einaste dumme er at eg la att alle vinterkleda mine på Stranda, men då er det jo greitt at er har to systre som er i utlandet for då kan eg jo berre snylte på dei!


I morgon skal eg legge ut ein stunt-video som dokke kan gle dokke til!
No skal eg lage pizza sidan pappa har bursdag!


PS: Leir er framleis like kjekt og sosialt som alltid, og ein blir like trøtt av å vere på leir som 14-åring som som 18.-åring. Sjølv om ein søv meir som 18-åring og drikk meir kaffi.

_linda.