tirsdag 28. august 2012

På plass i Hurdal!

Hallo! No sitte eg  på et klasserom  på Gå ut senteret i Hurdal og har fritime! Ja, for det vart plutselig her i Hurdal eg havna, og det takkar eg Gud for. Har gått heile sommaren å vore frustrert over at eg ikkje visste kva eg skulle, så det var veldig digg at det ordna seg. Begynte å bli ganske lei av å svare "veit ikkje heilt" når halvparten av mine facebookvener, heile slekta, og alle eg møtte spurte om kva eg skulle gjere til hausten. Men no er eg altså her, fekk telefonen om at det var ein ledig plass på GUS på torsdagen, og så byrja eg her på søndagen!! Så fredagen gjekk med på å skaffe seg medisinar, og ordne nytt pass++ Også for eg og pappa på ein mini-campingtur på laurdag føremiddag og kom hit i 11-tida på søndagen!

Har komt på eit team med tre hyggelige jenter og skal reise til Senegal saman frå oktober til mars, noko som eg trur blir veldig meiningsfyllt og spennande. Alle andre folka her er veldig herlige og eg bur på eit hus/internat i lag med 12 andre. Det er kjempekoselig på huset; vi ete frokost saman kvar dag og i går satt vi også og såg på barne-tv saman før vi skulle ha husmøte. hehe

Har ikkje teke nokon bilde endå, men det kjem kanskje eit innlegg snart med blider av skulen og folka:) 
Legge ved det som for tida er profilbiletet mitt på facebook- for eg har ikkje gløymt dei koselige Vestborgvenene mine altså :)

_linda. 

mandag 13. august 2012

Om det skulle vere noko tvil:


Dei tre åra eg gjekk på Vestborg, var dei desidert beste 3 åra hittil. Så om du skulle vere i tvil om kva vgs du vil på, så vil eg absolutt anbefale Vestborg; det er vardas beste skule!

_linda.

mandag 6. august 2012

UL 2012

Har no hatt ei kjekk veke på UL saman med mange gode vener, Jesus,  mykje regn, litt sol, møter, nye vener, seminar, aktivitetar (Surfing!!!!), luksus i hytte, konsert med LEELAND, andre konsertar, kule show og mykje meir!

Eg tok ikkje så mange bilde, men her er litt av det eg tok:
Eg og Silje nyte sola når den endelig stakk innom (:
Litt utav hytta som eg budde på i lang med 6 andre (var berre 5 sengar), sjukt digg å sove i ei varm hytte i staden for å fryse i eit vått telt. Klara, Anette og Anette.

Solveig og Solbjørg, kjørte lagmed disse begge veiane til Stavanger, oppover var Silje og med :)

Konsert med Leeland!!

Når vi venta på ferja på Anda hadde vi fotoshoot med heksebrenningsmonumentet.

Kjekt å vere på tur med dokke, og kjekt at dokke var på besøk med meg i natt. 

UL anbefalast til alle frå 15 år og opppver :)

I dag etter at eg sente jentene vidare avgårde i dag tidlig, her eg hatt ein slapp men likevel fornuftig dag då eg har vaska kle og rydda :)

Her er ein sang frå Leeland
<--dikte dinna sangen har henta teksten frå er faktisk frå 1700-talet.


_linda.