mandag 28. mai 2012

Eksamnen 1/4

i morgon. Norsk hovudmål. TJOHEI.

_linda.

søndag 27. mai 2012

Status

Solskin. iskrem. chill skule. snart eksamen. bikini. slakk line. kreativitet. kubb. volleyball(sjåpå). langhelg. vener. Guds skaparverk frå si beste side. 

Vi har testa golfbana- Kjekt!

I see life through a pair of sunglasses, and i like it. 


_linda.

torsdag 10. mai 2012

Ka gjorde du natt til 1.mai i di russetid?

-ingenting spesssielt, eg berre sov i ei rundkøyring på Vågå.
Det var nemlig ein russeknute, og etter at vi hadde hatt ei fantastisk knallhelg på krussetreffet i Kragerø la vi inn to ekstra overnattingar på veg heimigjen.
bilderar og litt til kjem her:
Før avreise. Vi var 8 jenter som fekk lånt familiebilen til ei av oss og la ut på eventyr torsdagskvelden. Sidan vi er litt tullete kallte vi "russebilen" for TULLERUSS!!!

Pakking inn i bilen etter overnatting hjå ei snill tante på Stange fredag føremiddag. 

Hallen i Kragerø, her foregikk dei fleste aktivitetane og folk sov her. Vi fekk soveplass på tribuna, men sidan vi syntest det var litt trangt satte vi heller opp vestborg sin lavvo og sov ved parkeringsplassen!

Her er vi på oppdagelsesferd i Kragerø, det skakje vere lett...
Men eg kom meg opp!

Vi fann ei hole inn i fjellet! tydeligvis budde der noken og!

Hoppbakke i Kragerø! Eg er russ, så eg bryr meg ikkje om der står Adgang forbudt!

Fin utsikt va der i alle fall

Koselig bilde!
Konsert med Philippa Hannah! Det var meget bra!!

hellokitty-bil!
Etter god søndagsmiddag hjå snill tante#2 tok vi bastøyferja frå Horten til Moss for å kome heim til Anette i Spydeberg!!

Eg må få sagt det: Dette var ein kjempekoselig og super tur!

Alle minus ei.


Det vart mange timar i bil, men også det var kos.

På mandagen var vi fleire timar på Lillehammer for å ta russeknutar. Vi tok knuten om å ta 15 knutar på ein dag den dagen så det vart en del. 
Noko av det vi gjorde var: Stå utstillingsdukke i ein butikk i 15min, fri til en fremmed, slå opp med en fremmed, dele ut russekort til barn på sjukehus, kysse en uniformert, vere gatemusikantar (tjente 33kr!), kjøre handlevogn gjennom drive-in på Mcdonalds, falle om og hyle av intens smerte foran fremmede, ete sjokoladepudding ut frå ei bleie i all offentlighet m.m!

Dette var heimen vår den siste natta! Det var ein meget spesiell opplevelse. Sida det var natt til 1. så var den lokale russen ute på fest og kom å helsa på oss fleire gonger. Som en av dei sa: Ditta må verra det dommaste dåkke nåkken gong har gjort! Det var det kanskje, men morsomt va det og! Minne for livet ass.

Tusen takk jenter for ein utrulig fin tur som eg seint vil gløyme.

_linda.