fredag 30. mars 2012

Palmefredag

Denne siste veka har i stor grad dreia seg om skule, filmredigering, vasking og flytting. Eg har no flytta i frå 3.etasje til 2. etasje mest fordi eg vil vere nermare der dei fleste jentene i klassa bur. Flyttinga var litt stress, men eg er veldig fornøgd. Trur faktisk eg fekk meir besøk på dei to dagane eg har budd nede enn kva eg fekk på ein månad når eg budde oppe. nesten i alle fall. Har tatt nokre bilder, men klarte sølvsagt å sende minnekortet mitt til Latvia med lisjesøstra i dag. haha, så alle mine 9000 lesarar må vente til over påska med å få sjå dei bilda!
No er eg heime og skal nyte ein laang ferie. Har eigentlig "Gi en dag-aksjon" i dag der eg skal vaske her heime, men sidan eg er ganske trøtt tek eg det igjen en annan dag. Seinare i dag reiser eg på leir for  vaske opp og ha det kjekt fram til mandag.

Legger ved dette megapene bildetet av vennane mine på hurtigbåten.
_linda.

søndag 25. mars 2012

Random rekkefølge


Fann dinne fine lista på karabel sin blogg, gidde ikkje å omsette overskriftene til nynorsk, men sidan eg hadde sidemålstentamen på fredag så passar vel det fint.


10 ting jeg skal gjøre
Finne sommarjobb
Finne ut kva eg skal gjere til hausten
Flytte til 2.etg for å bu nermare folk
"Feire" at eg har hatt lappen i sju månader i dag
Vaske ned til påske
Redigere ferdig påskekrimmen
Øve til PIS-tentamen på torsdag
Vaske opp (slapp av storfjordbuarar, eg har alt det skitne ståande på rommet mitt)
Bake kake?
Rydde litt




9 ting jeg liker
Vestborg
Dei awesome vennane mine
Is og sjokolade
sol
synge singstar (stor hobby for tida)
Finne på sprøe og teite ting i lag med folk
stå på ski
Leir på Fjordly
nysnø

8 fine blogger (litt vanskelig sida eg ikkje lese så mange fast, men et innom mange av og til. ) 
martinealnes.blogspot.com
karabel.blogg.no
gingerbarn.wordpress.com
mammasilje.blogg.no
linniiie.com
lifeofsunroad.wordpress.com
http://kriisting.wordpress.com/
typiskethea.blogg.no















7 ting jeg vil gjøre i fremtiden
Reise til mange nye land
Reise tilbake til Gardene og Vestiena i Latvia for å treffe igjen folk
bli brun (haha)
gifte meg
jobbe med noko eg likar godt
jobbe for Gud
Holde kontakt med folk

 




6 bøker jeg liker (leser sjeldan bøker, men skal prøve å grave opp nokon.)
Bibelen
I skyggen av Hans hånd (dødslenge sida eg las den, men den var veldig bra)
The Kite Runner (sjølvom eg blei tvinga til å lese den)
Loved andaktsbok
"Know your Bible" (veit ikkje om den kan kallast ei bok en gong, men den er god å ha.)
Leir fra L til R, håndbok for ledere på leir.(haha, men denne er også god å ha)

5 ting jeg er litt redd for
vinden (heilt sidan dagmar har eg synes det er ekkelt)
Å dette ned frå balkongen (egentlig ikkje)
Å bli kidnappa (ikkje at eg lever i frykt for dette)
Å kræsje
Sikkert masse anna











4 ord jeg liker
Koselig
Fantastisk
Hyggelig (har blitt påvirka av en viss person på A)
Smil

3 ting jeg ser frem til
Krussetreff i Kragerø
Å flytte ned
Å sjå påskekrimmen vi laga visast på morgonsamling





























2 favoritt ting
Dyne og pute (neida, harkje peiling på kva som er favoritt-tinga)

1 fin sang
atm er favoritten Home av Gabrielle Aplin
(randome bilde av meg gjennom tidene)
_linda.

lørdag 24. mars 2012

Uteliggara

No sitte eg i russekiosken der det er full guffe med singstar, Tjohei! Det er kjekt sjølv om synging ikkje er mi sterkaste side:)
Uansett; her er nokre bilete frå i går:
Etter norsktentamen i går fikk vi eit innfall om å vere snill med Ole og vaske bilen hass :) 


Eg og Anette sov på balkongen min i natt, det var kjempedigg, sjølvom det var litt hart. Nesten ikkje kaldt ein gong! 

_linda.

torsdag 22. mars 2012

Middag på balkongen

I dag er det måndag, noko som betyr fiskemiddag. Og i dag stod fiskebollar på menyen. Verken eg eller "støttekontaka" mi Anette er så veldig fan av det så vi lagde vår eigen gourmetmiddag på balkongen; Nuddlar! :)
 Det var i alle fall mykje betre enn fiskebollar. 
Det var veldig fint vêr i dag!


Anette sine føter og fuglematen poserar i utsikta! 
Nabo!
Resten av dagen har i stor hovudsak dreia seg om filminnspeling og sprøe påfunn som eg ikkje kan avsløre!

_linda.

tirsdag 20. mars 2012

2 months +

Eg burde skrive noko, det burde eg. Men eg veit ikkje kva eg skal skrive! Eg kan begynne med å seie litt om kva som har skjedd sidan 6, januar.

- Eg har kjøpt ny data (at den gamle blei ødelagt var vel grunnen til at bloggen først stoppa opp)
- Vore på Russeturnè med ein herleg gjeng:
Vi hadde mange møter rundt på Sunnmøre og budde hos mange koselige folk:)
- Vore å besøkt Synne med denne gjengen:

Photoshoot ved vindmøllene etter piknikfrokosten
- Vore på leir og hatt ferie
- Hatt besøk av lisja i helga
- Masse anna 
- Fått postkort frå storesystra i dag. Ho er i Vietnam no, men kortet var i frå då ho var på New Zealand.
Det er faktisk ho!
Dette var i alle fall ei byrjing på å vekke opp igjen blogginga!
_linda.


søndag 18. mars 2012

Gabrielle Aplin - Home


Har serriøst fått hekta på dinna sangen her...Den  er nydelig!


PS: Skal prøve å blogge litt meir framover..
_linda