onsdag 30. november 2011

Klin kokkos og gløgg

i dag er det dagen før 1.desember! :) i morgon skal eg stå opp klokka 5 for å sjå julefilm, noko som er tradisjon her på skule. Det er kjempekoseleg når alle sitt sammenpressa i kiosken med dynene sine å drikke julebrus! I dag har eg gjort ingenting fornuftigt.. Ein ting eg har lært i løpet av tida på vestborg er at det ikkje er vits i å planlegge noko, for det blir aldri som ein planlegg uansett..! Men for å sitere eit gullkorn frå min gode venn og støttekontakt AnetteM; "Livet er mykje enklare når ein ikkje gidde å bry seg."<--litt sannheit er det i alle fall i det...Ekje vits å bekymre seg for alt mogleg.
Solveig og Synne i framtida
Det eg har gjort i dag er å sett skiskyting, sett litt mykje Friends, og laga gele og hengt med kule folk på tekjøkkenet. Mange forskjellige folk eigentlig, folk eg ikkje snakkar så altfor ofte med og det var veldig kjekt.
No skal eg henge opp kle før eg gjer meg klar for å sove ei lita stond.
_linda.

mandag 28. november 2011

Første helga i advent

Ser at antall sidevisningar har eksplodert etter at eg posta videobloggen på fredag! Noko som sjølvsagt er kjekt!
I helga har eg storkosa meg med juleforbredelsar og tull. Sjå og nyt:)
Eg pynta vindauget med snø og anna pynt


Eg var med nokon å lagde pepperkaker


Oog pepperkakehus:)
Vart fint:)

Dinna pynten lagde eg i forige veke(klippa i blad)
Og dinna lagde eg på laurdag, kjempeenkelt faktisk!
Ditta er meg
I
Igår fann eg og Hilde på masse tull



Vi tok bilde av Karen Anna og Isabel medan dei såg film. (Eg vann ei sjokoladeplate med dei i dag fordi eg hadde laga den kulaste tegninga EVER! TAKK!)

Vi besøkte Rebekka sin fisk

 og masse anna tull!!!
SEEYAH!


_linda.







fredag 25. november 2011

Bank i bordet-ansiktsuttrykket på eit nytt nivå!


 Spessielt for deg Kristin!!

Sorry at eg er rar....

_linda.

Fredag

Nok eit usaklig bilete...her er Solbjørg, meg, Anette og Synne avbilda i fjor.

Eg og my bro Kristin er no på rommet mitt og gjer religion...Har fagdag i det i dag. Dei fleste skal skrive ei innlevering om buddhisme, medan eg og nokre andre har heller valt å ha munnleg foredrag+utspørjing.
Buddhismen er noko eg ikkje forstår meg på i det heile, men så lenge det høyrest ut som eg har forstått greia får eg satse på at det går greit...Har framføringa klokka 11, så etter det er det helg og eg skal chille max og plage dei som må jobbe med innleveringa si (haah!). Skal også sjekke korleis adventspynten min fungerar før eg skal henge den opp i morgon/søndag.
Vonar at eg får tatt meg ein tur over fjellet til Sykkylven i kveld, for der skal vere eit møte med folk frå DTS i Skien. Dei bur her på Vestborg no, og ho eine i teamet gjekk her i fjor.Fekk ein liten smakebit på møtet påmorgonsamlinga i stad, og møte verkar veldig bra. Men det spørs om eg kjem meg over fjellet, sidan Subaruen er på avlastning...
No skal eg meditere litt meir om buddhismen!

_linda.

onsdag 23. november 2011

Grilla kylling

Kjekt å vete kva eg skal ete?? skal ikkje skrive meir om kyllingen no altså. Veit eigentleg ikkje heilt kva eg skal skrive. Men kan no seie det at i går var leika eg og Hilde "lag  nåke av det du finne i felleshylla", vi laga omelett av olje, krydder, egg og utgått drikkejoghurt. Det smakte ehm, OK, klarte å ete det meste av det, men det var litt spesielt med omelett med jorbærsmak kan du sei.
I går ommøblerte eg også rommet mitt og var på møte, det var bra! Også var vi på ein koseleg og tullete tur på Rema (sånn viss du lurte liksom..)

Random bilde av kule folk i Roma
I helga var eg på barneleir og det var så utruleg bra! Herlege ungar altså! Vi har faktisk mykje å lære av sånne små.


Var berre det eg ville dele med dykk no...Sikkert veldig kjekt å lese....


å lol eg må blli betre på dette...


_linda.

onsdag 16. november 2011

Tullball

bilen min er ikkje heilt frisk. men det vonar eg blir bra igjen snart. den står fint parkert her på VB. i helga slappa eg av MAX, det var digg.(+pluss at eg spelte volleyball-det var frivillig tvang, me dont like volibal) eg har i grunn slappa av veldig mykje i det siste, men har ikkje orka så masse ellers så...chilling lika vi. <---veldig meiningsfyllt.
Eg prøvde forresten å sove på balkongen en dag, men gikk inn etter 2 tima då d blei kaldt. SJOKK!
Fritime er yndlingsfaget mitt. om 4 minutt er det Robertos favoritt(lasagne-ish) å få i matsalen, NAM.
Utsikta frå min majestetiske balkong

SEEYAH
_linda.

Sånn info

Eg veit ikkje kvifor eg har blogg, men eg lika det.
Eg er veldig dårleg på å skrive kva eg gjer på, noko eg egentlig trur er viktig på ein blogg.
Her får du mange unyttige fakta om meg.
Eg brukar å seie sånn info.
Eg har vore dårleg på blogging siste veka pga dårleg tid og dårleg nett.
Eg høyrer på p3morgon no, noko som eg likar veldig godt.
Eg skulle egentlig gjere historie no.
Eg har 4 heimar; 2 på Hauane, 1 på Fjordly (leirplassen eg henge på), og en her på Vestborg.
Eg skal på leir på Fjordly i helga, noko som eg gledar meg veldig til. Eg trur eg er avhengig av leir.
Fjordly har betydd utruleg mykje for meg og trua mi. Faktisk utruleg mykje.
Eg eg kjempehappy for at eg går på Vestborg. Skulle ikkje tru at det gjekk and å bli så glad i ein skule.
Vestborg har også betydd veldig mykje for meg som kristen, og for meg som person.
Eg har atopisk eksem, noko som er litt kjipt. Spesielt om vinteren.
Eg har pollenallergi og pelsdyrallergi, noko som er litt kjipt. Speselt om sommaren.
Eg har kanskje-astma, det vil seie at legen utifrå målingane ikkje kan sjå at eg har astma, men at eg kanskje har det likavel. Eg kunna tatt fleire sjekka for å finne det skikkelig ut-->TILTAK! det er forresten også litt kjipt.
Random
Eg brukar lesebriller, og det står på lappen min at eg må bruke dei når eg køyrer.















Søskena mine har ikkje eksem, allergi, astma, eller briller.
Vi skal på fjelltur med skulen i morgon. HALLO, det er snart advent.
Eg likar Vaffelhjarte på barne-tv.
Vi har PIS heildags på fredag. TJOHEI!
I grunnen er eg veldig glad i livet, and this is why:

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.-joh 3.16


_linda.




onsdag 9. november 2011

Eit bilete eg har mange minner i frå

Ditta er eit bilete av meg og en kid i Latvia sommaren 2008. Då var eg på Misjonstur dit med ei ungdomsgruppe i frå Nordfjord og var også med ei gruppe frå Stavanger. Var også på ein slik tur med gruppe frå Nordfjord sommaren 09 og påska11. No sist var vi med ei gruppe frå Austevoll. 

Alle desse turane var kjempekjekke og eg har mange gode minner i frå dei. Dei to første åra var vi på same staden, så då fekk vi veldig god kontakt med borna og ungdommane så det var veldig fint. Har opplevd at Gud har gjort veldig mykje på desse turane b.l.a blinde sjå, døve høyre, 60-70 blitt kristne++. 

Har fortsatt kontakt med mangen av dei ungdommane eg blei kjend med, og eg saknar Latvia sjølvom eg trur det blir ei stund til eg reiser tilbake..

_linda.

tirsdag 8. november 2011

Amerikareise

(skulla egentli vore posta tidligare i dag, men internettet her ekje heilt friskt)
I går skulle min bror Kristin ankomme Ålesund lufthavn,Vigra klokka sein på kvelden(23-ish). Og sidan flyet, flybussen og rutebussen ikkje korresponderar så  veldig godt hadde ho ikkje komt seg til stranda før i dag. Så då tok eg og min gode venn Anette å satte oss i subaruen min for å køyre til Moa og hente Kristin. Det er ca 35 minutt å køyre til ferja i Sykkylven, så ca 15 minutt å køyre etter ferja. Då vi var komne til Moa hadde vi litt god tid før flybussen med broren kom. Så etter at vi hadde fyllt opp statoil-koppen køyrte vi litt rundt på Moa å såg oss om.
Då skjedde det; subaruen blei i dårlig humør. Det har den blitt ein gong før og, men då gjekk det over etter ei stond. Denne gongen også blei den litt blidare, så vi satsa på at den kom til å bli heilt bra igjen. Vi kom oss i allefall opp igjen til trafikkterminalen der vi skulle møte Kristin. Då Kristin omsider kom var klokka ca kvart på 12. Vi starta bilen, men kom oss berre til ein annan stad på parkeringsplassen, and that's it.

 Vi peila olje (Anette hadde med seg dasspapir!!) og prøvde om vi kunne finne ut ka som va gale. Eg ringte til pappa, men han forstod ikkje kva det kunne vere. Før pappa skulle kontakte redningsbil, fann vi ut at vi kunne spør en bussjåfør om hjelp. Så det gjorde vi. Første bussjåføren vi såg var ein som vi visste ken va frå før, han hadde b.l.a vore sjåfør då vi reiste på festival i Oslo i fjor. Vi spelte på sjarmen om at vi var frå Vestborg, og han såg på bilen, men blei ikkje så mykje klokare. Så han ringte til en anna fyr som vi iallfall hadde sett før. Han og såg på bilen, men kunne ikkje forstå kva det kunne vere. Men dei var kjempehyggeligge og veldig hjelpsomme, og køyrte oss til ferja.
Vi jentene venta ei stond på frgekaia, sidan ferjene ikkje går så veldig ofte så seint. På ferja gjekk eg sikkert i eit med ferjemannane sidan eg hadde tatt på meg pappa si refleksboblejakke som låg i bilen og i tillegg hadde brun veske. det må ha vore litt av eit syn. Vi hadde ringt til Daniel i klassa og han kom å henta oss i Sykkylven klokka halv to om natta. Vi kom til Vesborg klokka kvart over to og snille isabel låste opp døra for oss.
No står bilen på Moa og ventar på å bli henta av pappa, noko som ser ut til å bli ei amerikareise i seg sjølv.
Random bilde frå et bursdagselskap i VG1
_linda.

mandag 7. november 2011

3- Eit bilete eg har tatt for over eit år sidan

Ditta skal altså vere eit bilete eg hat TATT, altså ikkje eit bilete av meg.  Så her er eit bilete av Solbjørg, AnetteM og Solveig når vi var på ein liten fjelltur heime hjå Solbjørg.- Sept 10
For dei spesielt innteriserte er her også eit bilete av meg:

Ikkje så stor forskjell frå no altså...





















_linda.



søndag 6. november 2011

I dag har eg..+dagens bilde

..vore på misjonsmesse
..høyrt nokon kjempesmå folk synge
..høyrt folk spele kjepefint på fiolin og blokkfløyte
..hengt med bestemor
..ete kake
..smakt en te som smakte smør..ÆSJ!
..ete taco som eg laga sjøl
..skypa med storesysta
..fått en pakke turmiks som mamma vann på misjonsmesse
________
2-Eit bilete av meg på ein vanleg dag
Sånn kan eg sjå ut då..Bildet er feil vei, men det får dokke tåle! Forøvrig har eg verdas kulaste t-skjorte. Den fekk eg i forsinka bursdagspresang me to kulingar; Silje og Ane Marta:)
Besøk itro/itru.no, veldig bra nettstad! Dessutan er t-skjorta på nynorsk og er grøn.<--veldig bra. OG det finns berre 30 av dinna t-skjorta i heie den vide verda.


_linda.

fredag 4. november 2011

1- Eit bilde eg er pynta på

I dag har eg i alle fall vore ute av døra meir enn ein gong. Likevel har eg ikkje gjort så veldig mykje furnuftigt, men det er digg. Ein har jo trass alt ikkje langhelg kvar helg! (berre 3 gongar på 8 veker..). Har berre vore ein tur på eid på misjonsmessa og på nokken butikka + at eg køyrde ein tur for å hente lisja på bussen. 
Over til utfordringa: 
Ok, ikkje verdas beste bilete, menmen. Meg på julefesten på >Vestborg< i fjor. Det var kjekt, aah eg lika jul...:)

seeyaah!
_linda. 

Challenge!

For at det ikkje skal bli for stille på bloggen når eg ikkje gidde å skrive noko, så startar eg med ei bilete-utfordring. TJOHEI!
Begynne sikkert seinare i dag. Stay tuned!
<--Roma hjartehjarte


1. Et bilde jeg er pyntet på
  2. Et bilde av meg på en helt vanlig dag
  3. Et bilde jeg har tatt for over et år siden
  4. Et bilde jeg har mange minner fra
  5. Et bilde av noe jeg liker ved meg selv
  6. Et bilde av håndskriften min
  7. Et bilde av rommet mitt
  8. Et bilde av meg og en av mine bestevenner
  9. Et bilde av meg selv fra jeg var liten
10. Et bilde av dyret/dyrene dine

torsdag 3. november 2011

I dag har eg sotte i ein stol, sett på TV, nett-tv, facebook, dusja og gått ut i bilen for å hente noko. Langhelg er fint.
i morgon skal eg gjere noko fornuftig.

_linda.