torsdag 15. desember 2011

Eg likar grønt

Grøn er, som sikkert mange veit, min favorittfarge. Veit ikkje heilt kor lenge det har vore det, men det var vel i ca 10. klasse og VG1 det begynte. I vg1 tok det litt av. Eg hadde grøn bukse (som diverre er øydelagt i glidelåsen så eg brukar den heller sjeldan), og det gjekk vel knappt ein dag utan at eg hadde på meg noko som var grønt. Eg kunne også frå tid til annan finne på å gå med grønt frå topp til tå ein dag berre for moro skuld.
Første dagen i Vg2 hadde eg ikkje på meg grøne klede og ei i klassa mi fekk nesten sjokk. Men så hadde eg tatt grøn neglelakk på ca 2 fingrar, så då vart det berre nesten med det sjokket.
meg og Lisa i identisk antrekk

Då eg var ung...
Den dag i dag er grønt framleis min yndlingsfarge, sjølvom det kanskje ikkje tar like mykje av som det gjorde i førsteklasse. Men eg har tildømes mange fine grøne ting på rommet mitt, og har sjølvsagt fleire grøne klesplagg, sjølv om eg kanskje ikkje brukar alle på ein gong lengre. Og i påska i år fekk eg også det innfallet at eg skulle farge håret mitt grønt. Så då gjorde eg det...Medan eg var i utlandet så klart..
Artig å ha gjort, men freistar ikkje til gjentaking...

Men over til noko som nesten kunna blitt morosamt. I går fekk eg det innfallet at eg ville ta ei ansiktsmaske. Det er ikkje så ofte eg gjer det, men går gjorde eg altså det. Det er jo juleball snart og sånn, så då gjer det vel ikkje noko å vere litt ekstra fin?
På ansiktsmaskepakken stod det at den skulle vere på i 2-3 minutt. Dette brydde eg meg ikkje noko om, og lot den vere på i ca 10 minutt. Det eg oppdaga då eg tok den av, var at (trommevirvel!):
FJESET MITT VAR GRØNT!
Her er det framleis litt grønt, sjølvom det viser dårleg..
Når eg hadde vaska fjeset mitt gjentatte gonger, var det meste borte. Og etter eg dusja i dag er det ikkje meir grønfarge å sjå.

Dette kunna blitt ei veldig morosam foteljing...

_linda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar