fredag 6. januar 2012

Friends

Friends er ein stor del av livet mitt. Både fysiske, ordentlege vener som eg kjenner og har det kjekt saman med (desse er sjølsagt dei aller viktigaste), men i det siste har mykje av tida til meg og venene mine gått til å sjå på denne gjengen her:
(fann bildet her)




_linda.

torsdag 5. januar 2012

hei

No legger eg ut eit bilete av Solbjørg fordi ho er så kul:)


_linda.

tirsdag 3. januar 2012

Lengtar til VB


Neida ikkje VB som i varme og bad, eller jo kanskje det også. Men eg lengtar mest til VB, VestBorg, skulenmin, der allle dei kule folka er:





Men det gjer ingenting! For i kveld reiser eg attende for å møte alle dei fantastiske medelevane (og personalet) som eg ikkje har sett sidan i fjor! Gler meg :)


_linda. 

mandag 2. januar 2012

Heismann Linda

I dag tidleg klokka 11 (ikkje egentlig såå tidlig) møtte eg opp med fiskt mot på det lokale skisenteret for å stå vakt. Det  var eigentleg pappa si dugnadsvakt, men sidan han ikkje kunne vart eg stedfortreder. Eg skulle vere vakt i enerSKI-heisen (barnetrekket), men sidan der var ca ingen snø kom det jo då også ingen folk. Så etter omlag en time med frysing, venting og gjesping fekk eg fare.
Slik såg eg ut:


Så då for eg på eid å kjøpte meg joggesko istaden (funfact: eg kjøpte også masse mat til Bestemor og skriverblekk til pappa), etterpå det åt eg god laks til middag, og etterpå det for vi til Vanylven og besøkte Besta (ikkje ho samme som eg kjøpte mat for altså). Og etterpå det lagde eg NACHOS(<3<3<3) og sit no og ventar på å få ete det!
God påske!


_linda.

søndag 1. januar 2012

Dagen i går

I staden for å sitje i einsemd i isolerte Hjelmelandsdalen på nyttårsaftan, bestemte vi oss for å sosialisere oss med tante, onkel og søskenbarn på tattstaden Nordfjordeid. Der var også ein annan familie så vi vart ein del folk. Vi spelte monopol, heimelaga Alias (minst like kjekt som vanlig!), og tente på fyrverkeri. Det var ein veldig kjekk kveld.
Sidan vi var i ein tettstad vart det jo ein del fyrverkeri å sjå på :)

Her kjem nye 12 bileter frå det nye året 2012:
Fyrverkeri-programme på kameraet tok litt av då...

Pappa og onkel laga bål oppi ei trillebår og la ting som sa pang oppi den











Eg trur 2012 kjeme til å ta av! 
Nytt år, Nye moglegheiter!



_linda.

Dagmar

Fleire enn meg som ikkje kan tru at det er eit jentenamn? unnskyld viss eg støter nokon no, men eg syns ikkje at det høyres heilt slik ut. Men uansett; for spesielt interesserte legg eg no ut bilete frå litt av skadene ho  Dagmar gjorde heime i skogen til han far.




Pappa planta desse treda som 14 åring...
Mikado. Berre med king-size pinnar.


_linda.