onsdag 30. november 2011

Klin kokkos og gløgg

i dag er det dagen før 1.desember! :) i morgon skal eg stå opp klokka 5 for å sjå julefilm, noko som er tradisjon her på skule. Det er kjempekoseleg når alle sitt sammenpressa i kiosken med dynene sine å drikke julebrus! I dag har eg gjort ingenting fornuftigt.. Ein ting eg har lært i løpet av tida på vestborg er at det ikkje er vits i å planlegge noko, for det blir aldri som ein planlegg uansett..! Men for å sitere eit gullkorn frå min gode venn og støttekontakt AnetteM; "Livet er mykje enklare når ein ikkje gidde å bry seg."<--litt sannheit er det i alle fall i det...Ekje vits å bekymre seg for alt mogleg.
Solveig og Synne i framtida
Det eg har gjort i dag er å sett skiskyting, sett litt mykje Friends, og laga gele og hengt med kule folk på tekjøkkenet. Mange forskjellige folk eigentlig, folk eg ikkje snakkar så altfor ofte med og det var veldig kjekt.
No skal eg henge opp kle før eg gjer meg klar for å sove ei lita stond.
_linda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar