I går skulle min bror Kristin ankomme Ålesund lufthavn,Vigra klokka sein på kvelden(23-ish). Og sidan flyet, flybussen og rutebussen ikkje korresponderar så veldig godt hadde ho ikkje komt seg til stranda før i dag. Så då tok eg og min gode venn Anette å satte oss i subaruen min for å køyre til Moa og hente Kristin. Det er ca 35 minutt å køyre til ferja i Sykkylven, så ca 15 minutt å køyre etter ferja. Då vi var komne til Moa hadde vi litt god tid før flybussen med broren kom. Så etter at vi hadde fyllt opp statoil-koppen køyrte vi litt rundt på Moa å såg oss om.
Då skjedde det; subaruen blei i dårlig humør. Det har den blitt ein gong før og, men då gjekk det over etter ei stond. Denne gongen også blei den litt blidare, så vi satsa på at den kom til å bli heilt bra igjen. Vi kom oss i allefall opp igjen til trafikkterminalen der vi skulle møte Kristin. Då Kristin omsider kom var klokka ca kvart på 12. Vi starta bilen, men kom oss berre til ein annan stad på parkeringsplassen, and that's it.
Vi peila olje (Anette hadde med seg dasspapir!!) og prøvde om vi kunne finne ut ka som va gale. Eg ringte til pappa, men han forstod ikkje kva det kunne vere. Før pappa skulle kontakte redningsbil, fann vi ut at vi kunne spør en bussjåfør om hjelp. Så det gjorde vi. Første bussjåføren vi såg var ein som vi visste ken va frå før, han hadde b.l.a vore sjåfør då vi reiste på festival i Oslo i fjor. Vi spelte på sjarmen om at vi var frå Vestborg, og han såg på bilen, men blei ikkje så mykje klokare. Så han ringte til en anna fyr som vi iallfall hadde sett før. Han og såg på bilen, men kunne ikkje forstå kva det kunne vere. Men dei var kjempehyggeligge og veldig hjelpsomme, og køyrte oss til ferja.
Vi jentene venta ei stond på frgekaia, sidan ferjene ikkje går så veldig ofte så seint. På ferja gjekk eg sikkert i eit med ferjemannane sidan eg hadde tatt på meg pappa si refleksboblejakke som låg i bilen og i tillegg hadde brun veske. det må ha vore litt av eit syn. Vi hadde ringt til Daniel i klassa og han kom å henta oss i Sykkylven klokka halv to om natta. Vi kom til Vesborg klokka kvart over to og snille isabel låste opp døra for oss.
No står bilen på Moa og ventar på å bli henta av pappa, noko som ser ut til å bli ei amerikareise i seg sjølv.
| Random bilde frå et bursdagselskap i VG1 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar