lørdag 24. desember 2011

Gledelig jol


No ser eg reisen til julestjernen  på den vesle TVen her heime. Gleda meg til i kveld! Julestemninga er ikkje heilt på topp, men nesten det har blitt sånn at eg får julestemning av å ikkje ha julestemning! haha. Blir litt rart å feire jul utan søstra mi som er i India(!!!), men Jesus vart no føtt uansett kor ho befinne seg, så det må feirast uansett:)

Her e rein veldig fin julesang.  den blir nok ikkje like fin som når Nordstrands framførte den på julefesten, men fin er den uansett. Høyr på den og tenk på den- for juleevangeliet endar ikkje med at Jesus blir liggande i krubba! :)



Ha ei god og velsigna jul allessammen!!! :)
_linda.

fredag 23. desember 2011

Haudelaust


Bloggen min har liste over andre kule blogga (Sei frå viss du veit om fleire som burde vere på VB-lista), avstemning på om det heiter julemann eller kakemann (stem i vei fram til nyttårsaftan), komentarfelt (som godt kunna vore brukt meir), og viss du synes det blir for voldsomt å legge igjen kommentar så kan du gje ei tilbakemelding  ved å krysse av på Flaut, morosamt eller kjedelig under kvart innlegg. Men ein ting bloggen ikkje har er eit haud. Eller ein header som det heiter på fint utanlandsk. Er det noko eg burde ha? burde eg ønske meg det til jul? eller er det like greit utan? Kva synns du??

torsdag 22. desember 2011

Julefest på Vestborgvis

(ditta skulla vore posta før i dag)No har eg akkurat fått fyr i peisen, ikkje verst! Før det gjorde eg ein veldig dum ting, eg lasta opp 60bilder til blogspot før eg valde ut kva for nokre eg ville bruke, det tok laaang tid. Tør ikkje tenke på kor lang tid det hadde tatt med vestborgnettet. Men uansett, superdigg med juleferie. Og no skal eg skrive litt om julefesten vi hadde på Vestborg siste dagen før vi reiste. 
Det byrja med at vi hadde vaskedag på tysdag og fekk fri når vi var ferdige(eg var ferdig 10.15, som er då eg vanlegvis byrjar på skulen). Då alle (nesten) hadde fått på seg finstasen kl 16 venta vi i gymgarderomene (jentene her og gutane der), før vi blei "kallt inn" til å få bordplassen vår. så var det pinnekjøt, prat, dessert, taler og slikt før frogrammet byrja i gymsalen. Og det må eg sei det var så masse flinke folk! Ichtys (jentekoret, der eg er med) sang, mannskoret Bjørg sang, Elise sang, alle sang og mykje alla kjekt og fint. Også hadde vi andakt med Ole Os som også var kjekt og fint. Etter og ha hatt juletregong og kaffimat og fotoshoot med klassa var det duka for etterfest. Og det tok faktisk av, iallefall meir av enn det har gjort dei to andre åra. Knallkjekk fest, og superbra innsats til VG2 som laga festen så bra.
Her er nokre av dei 60 bileta:
Hilde og Lisa ventar spennt.


Venting i garderoba



Mange situasjonsbilete her ja..

Simon og Solveig

Maria og Sara

Ole Johan og Andreas


Damenes tale

Mannskoret


Dei fleste av gutane i klassa:)

Bileta som vart tatt av jentene har eg ikkje..








"Nach" hos Sunniva, også kjempekos.


Kjem til å sakne dokke alle vestborgfolk veldig masse i jula!!!
_linda.

tirsdag 20. desember 2011

Julefest next

Eg helde på å ordne meg til skulens julefest no:)
Visste ikkje kva bilde eg tok no, men dette er jo fint. 

søndag 18. desember 2011

4.søndag i kyrkjeåret

I dag har eg gjort ingenting. Og kosa meg. Også har eg leika i snøven på balkongen! Lange b.l.a ein snømann som står og stirra inn til Solveignabo. Og eg har sett Friends, og skrive julekort, og tent fire lys. Og eg skal sjå Handballkamp på TV etterpå. Har sett altfor få kampar i år, men finala må eg i alle fall få med meg :)



lørdag 17. desember 2011

Jentekveld

I går hadde vi jentekveld i russekiosken. Vi lakka negler, spela spel og kosa oss. Etter ei stund var det også film, men då hadde eg gått for å sjå Friends og fikse det teite russekortet..! Kameraet mitt var også på jentekveld. Her kjem bildeskred.
Anette, meg og Solevig

Eg og Hilde leda an i Makarena-dansen, berre synd at så få hengte seg på...

Små barn som har lært seg å spele spel



POPCORN!!


Ane Marta:)

 Hilde har også lånt kameraet mitt, utan at eg visste om det. Tippa det er russekortbildeforslag der ho demonstrerar ditt forhold til skule...

_linda.

Det er godt det snart er jul...

Eg har ferie. På ein måte. Har ein dag med skule pluss ein halv dag vasking og ein julefest igjen før eg skal heim. Jul er ein fin ting. Det skal vere kos. Men akkurat no er det berre stress. Det er jo så mykje ein må fikse, sjølv om det ikkje er noko meir lekser!
Kjøpe gåver, pakke inn pakkar, fikse russekort (har akkurat gjort det), pakke til ferien, og meir. Aller helst vil eg berre slappe av saman med venene mine. Slik som eg gjer no.

God jul!
_linda.