torsdag 15. desember 2011

Eg likar grønt

Grøn er, som sikkert mange veit, min favorittfarge. Veit ikkje heilt kor lenge det har vore det, men det var vel i ca 10. klasse og VG1 det begynte. I vg1 tok det litt av. Eg hadde grøn bukse (som diverre er øydelagt i glidelåsen så eg brukar den heller sjeldan), og det gjekk vel knappt ein dag utan at eg hadde på meg noko som var grønt. Eg kunne også frå tid til annan finne på å gå med grønt frå topp til tå ein dag berre for moro skuld.
Første dagen i Vg2 hadde eg ikkje på meg grøne klede og ei i klassa mi fekk nesten sjokk. Men så hadde eg tatt grøn neglelakk på ca 2 fingrar, så då vart det berre nesten med det sjokket.
meg og Lisa i identisk antrekk

Då eg var ung...
Den dag i dag er grønt framleis min yndlingsfarge, sjølvom det kanskje ikkje tar like mykje av som det gjorde i førsteklasse. Men eg har tildømes mange fine grøne ting på rommet mitt, og har sjølvsagt fleire grøne klesplagg, sjølv om eg kanskje ikkje brukar alle på ein gong lengre. Og i påska i år fekk eg også det innfallet at eg skulle farge håret mitt grønt. Så då gjorde eg det...Medan eg var i utlandet så klart..
Artig å ha gjort, men freistar ikkje til gjentaking...

Men over til noko som nesten kunna blitt morosamt. I går fekk eg det innfallet at eg ville ta ei ansiktsmaske. Det er ikkje så ofte eg gjer det, men går gjorde eg altså det. Det er jo juleball snart og sånn, så då gjer det vel ikkje noko å vere litt ekstra fin?
På ansiktsmaskepakken stod det at den skulle vere på i 2-3 minutt. Dette brydde eg meg ikkje noko om, og lot den vere på i ca 10 minutt. Det eg oppdaga då eg tok den av, var at (trommevirvel!):
FJESET MITT VAR GRØNT!
Her er det framleis litt grønt, sjølvom det viser dårleg..
Når eg hadde vaska fjeset mitt gjentatte gonger, var det meste borte. Og etter eg dusja i dag er det ikkje meir grønfarge å sjå.

Dette kunna blitt ei veldig morosam foteljing...

_linda.

onsdag 14. desember 2011

Depresjon kan føre til morosame hendingar

Nåken eg såg i gangen...
Sånn bortsett frå at eg har hatt besøk av søstra mi i helga og vi hadde badtase-selskap, spelte spel, pusla puslespel og gjorde andre koselege ting i lag med andre koselege folk så har eg vore inn i ei dhup deppresiv periode. Den har bestått av styrketestar, innlevering og norskprøve. Men sidan eg no er ferdig med prøva og hadde ein bra dag i går, kan eg vel seie at depresjonen er forbi. Og blir eg ferdig med gyminnleveringa så har er uoffisielt juleferie. Må sjølvsagt framleis vere tilstades på skulen og på julefest og sånn, men null more stress. Når eg blir ferdig med innleveringa då...
 

Men no skal eg fortelle om ei hending som fann stad i går. hendinga varte kanskje i under eitt minutt, men likevel syns eg at den er verdt å forevige på bloggen:
Når vi øvde på norsk i fritimen før prøva i går vart eg og Anette så depressive at vi hellst ville hoppe ut vindauget å knekke foten slik at vi kunne sleppe prøva.
Då Anette skulle til å hoppe ut på taket utanfor vindauget på Sunninva sitt rom fann ho ut at dersom ho hoppa ville ho ha vorte våt på føta. Og det kunne jo ikkje austlandsjenta tåle. Så då vart det eg som skulle hoppe. På Vestborg er det ikkje lov til å opphalde seg på taket, men sidan eg var så deppresiv brydde eg meg ikkje om denne lova.
Men så hoppa eg jo då. Desverre så knakk eg ikkje foten. Men når eg akkurat hadde reist meg igjen ser eg til min store skrekk herr vaktmester klatre opp i ein stige til taket. I rein refleks forsøkte eg å stupe inn att vindauget før han skulle sjå meg, men sjølvsagt kom eg meg berre halvvegs inn.
Anette som sikkert ikkkje sjøna nokon ting hjalp meg og dra meg inn gjennom vindauget, men det må ha sett bra dumt ut dei sekunda eg hang der med beina ut og haudet inn. Heldigvis såg ikkje vaktmesteren det, for det ville jo berre vorte endå dummare.
Her har eg teikna ei skisse over hendinga:

dette hørest sikkert ikkje like morosamt ut som det var, men det får du tåle. Vil du lese noko du forstår kan du lese ei norskbok i staden. Eller ikkje...

_linda.

torsdag 8. desember 2011

:(

Anette før ho vart deprimert. Gode tider, det!
Idag er Linda deprimert. Jeg og Linda holdt på å dra på danskebåten idag fordi vi suger til å være flinke. Men men, er vel ikke noe man kan gjøre med slikt.

mandag 5. desember 2011

Linda opnar pakke

Velkomen til tidenes mest random blogginnlegg.

_linda.

søndag 4. desember 2011

18,5år


Vart eg i går. I'm getting old. Neida, joda. Tida fyk i godt lag! Nok om det, Johanne var på  besøk på VB i helga, og det tykkjer eg svært godt om. Ho for i dag tidleg då...




Men drama @ The Big Fjord (Storfjoren-huset): I natt frå 01 til 03-ish, var vatnet borte...Dette førte til at mest truleg nokon sette på vasken på doen utan å vite om det (sidan det ikkje kom noko vatn). Når vatnet då kom attende rant jo den vasken som berre det. Og det gjorde den til i kl 09 då nokon vakna. Då hadde vatet rukke å trekke igjennom to golv/tak og gjort litt skade kan ein seie. Var litt kaos her då i dag tidleg og teppe i gangen er framleis vått+ at det er vatn i veggane...men vonar det går  bra og at det ikkje blir så dyrt for skulen (privatskular er fattige nok frå før..).
Eg og Synne hjelper til så godt vi kan..

 Etter middag i dag var vi ein gjeng som var ute idet nydelege snøveiret å laga snølykt, stor snømann, snølarve,++ , spelte snørugby og eg klatra i tred. Det var meget kjekt! Ein er ikkje vaksen før ein kan vere barnsleg..!

_linda.

fredag 2. desember 2011

Perfekt chill dag

I dag har heile skulen hatt fri. TJOHEI! Sov inne hjå Synne i natt, ho sto opp tidleg, men eg sov til halv ett. Då kom superkule Solbjørg og Anette og hoppa på meg og sang julesanga, KOS. Også hadde det komt masse (meir enn sist) snø ute!Det einaste fornuftige eg gjorde før middag var å gå over ei snødekka mark for å handle, idyll. Etter middag trena vi bittelitt styrke før vi tok på oss vinteronepiecane og kom oss ut. Då var det nemlig tid for julegrantenning og snøleik, ååh, det var kjekt. 
Hilde og Lisa lika julebrus.

Opphenging av lys i det superstore treet. 

Anette og Hildur

Blei truffe av en snøball akkurat i det eg hoppa

Her hoppar Jan-Magnus, Svenn Joar, Solbjørg, Johanne, Anette, Silje og Paul. 


Johanne og Solbjørg

Vindauget mitt

torsdag 1. desember 2011

I dag har eg allreie rukke å sett film, ete frukost, laga gele og rydda. Såg Love Actually i kiosken klokka 05:30 i dag! Superkoseleg sjølvom Love Actally ikkje akkurat er favorittfilmen min. No har eg som vanleg to fritimar før skulen byrjar kl 10:15. Frista å sove, men eg har valt å vere våken for å lage gele! I går lagde eg blå gele i små hjarte- og fiskeformer og i dag la raud gele over. Faila litt med fiskane, men trur hjara blir bra!
Hjartegele


Nissehua er på den 1.desember

mmm




Alle på skulen fann ein slik utanfor døra si i dag tidleg. Takk  Miljøfolk:)
Denne kalendaren fekk eg med mi yngre søster, Kjempekjekt!

Og ferja går framleis att og fram..
 _linda.